Sesongens viktigaste kampar

No skal det heile avgjerast. Søndag skal Volda møte Follo borte til fyrste kvalikkamp til eliteserien. Den 1. mai møtes dei to laga igjen til oppgjer heime i Volda.

Follo endte nestsist i Rema 1000-ligaen med 12 poeng. Vi har spurt voldatrenar Reidar Møistad om korleis laget har førebudd seg til kampane. – Vi møter eit godt Follo-lag med gode spelarar i alle posisjonar. Dei har hatt ein oppsving etter trenar-bytte som kom for nokre veker sidan. Dei kjem med masse tempo og fysikk, og vil utfordre på alle posisjonar. Vi i Volda har brukt mykje tid på analysere Follo i alle spelets faser og føler at vi er så godt førebudd som muleg. Vi vil rette ein ekstra takk til herrelaget i Ørsta som denne veka har stilt opp og hjelpt oss med å venne oss til eit høgare tempo og meir fysikk enn det vi vanlegvis møter i 1.divisjon, fortel Reidar.

Kva er di oppmoding til volda-publikummet?

Når vi kjem til 2. kamp i Volda den 1. mai oppmodar vi ALLE til å møte opp for å støtte laget. Jentene elskar å spele på vår heimebane og stemningai arenaen gvjev oss ekstra krefter og motivasjon. At Froskeberget også stiller i Follo i fyrste kamp betyr noke heilt ekstra. I siste seriekamp borte mot Follo i Tønsberg gav Froskeberget oss ein følelse av å spele på heimebane, avsluttar Reidar.

Vi satser på fulle tribuner og god stemning: Til heimekampen 1. mai vil det vere gratis inngang for russ. Det vil også vere gratis inngang for barn (0 – 16 år) i klubbklede, og dette gjeld også for våre handballvener frå klubbar på Sunnmøre og Nordfjord.

Kampstart Follo – Volda er søndag 28. april kl. 16.30 i Stil arena.

Kampstart Volda – Follo er onsdag 1. mai kl. 17.30 i Volda campus Sparebank1 arena.

Billettar kjøpast i Volda handball app eller ved inngang.