Nysignering: Velkomen til Volda, Mie!

Sesongen 2023/24 er historie, og arbeidet med å styrke Voldastallen fram mot neste sesong held fram. Vi kan i dag ønske Mie Blegen Stensrud velkomen til Volda.

Mie kjem til Volda frå Molde HK Elite der ho har spelt sidan 2022. Før Mie kom til romsdalsklubben, spelte ho for LHF09 (Lillehammer/Fåberg handball). Ho står registrert med 18 kampar i Rema 1000-ligaen for Molde Elite førre sesong, og ser fram til å kome til Volda. – Eg gler meg masse til å spele i Volda og bli kjent med alle i og rundt laget. Det er ein klubb med høge ambisjonar, og eg føler dette er det rette steget for meg og mi utvikling, fortel Mie. 

Mie spelar vanlegvis i backposisjon, og voldatrenar Reidar Møistad har stor tru på at ho vil vere ein positiv tilvekst til laget: Eg er VELDIG fornøgd med denne signeringa. Mie kjem med masse energi, der rette innstillinga og har erfaring frå ei prestajonsgruppe frå øvste nivå i Norge. Ho ønsker å utvikle seg å ta neste steg i karrieren, og vi meiner heilt bestemt at opplegget i Volda vil gje henne akkurat den muligheten. Vi ser fram til å få henne på plass så snart som muleg, seier ein fornøgd voldatrenar.