Volda styrkar stallen

Det er svært gledeleg at vi no kan fortelje at vi har signert heile fire nye spelarar, etter mykje aktiv jobbing sidan sesongslutt. Dette gjer at det er god grunn til å sjå lyst på komande sesong, der målet igjen er å kjempe heilt i toppen.

Det fortel ein optimistisk Arild Bakke, leiar i Volda handball. Han seier at det har vore spesielt krevjande å finne ei ny målvakt etter at Hante valgte å forlate Volda til fordel for Follo. Dei berga som kjent  plassen i Rema 1000 ligaen etter at dei vann den avgjerande kvalifiseringskampen mot Volda. – Det var viktig for Hante no å prøve seg i Rema 1000 ligaen, og vi heiar sjølvsagt på Hante på sin vidare veg. Ny målvakt for Volda er danske Mathilde Bengtsson frå Odense.

-Mathilde er eit stort talent som vår trenar Thomas Reeh kjenner godt ettersom han har vore hennar trenar i tre sesongar. Tilliten som blei bygd den gangen er nok ei av årsakene til at ho vel å kome til Volda for å ta nye steg i karrieren. Saman med Aud Ingrid Silseth vil vi no ha eit nytt godt målvaktsteam, fortel Bakke.

Mathilde Skogemann Bengtsson: «Eg gler meg til å måle krefter med handball på eit høgt nivå. Med dei ambisjonane som er i klubben, så gler eg meg til å gjere alt eg kan for spele Volda opp i Rema 100o-ligaen.» (Foto: Erik Laursen)

Styrkar laget i fleire posisjonar

– I tillegg til Mathilde som ny målvakt styrkar vi også fleire andre posisjonar i laget. Dei tre andre signeringane er Kari Sætern (Byåsen), Tuva Willmann (Utleira) og Nora Jacobsson Van Stam frå tyske BSV Sachsen Zwickau. Målet er alltid å ha minst to gode alternativ i kvar posisjon, og vi er godt på veg med desse signeringane, seier ein fornøgd Arild Bakke og får støtte frå trenar Reidar Møistad.

– Fyrst og fremst vil eg seie det er veldig bra jobba av alle involverte som har fått desse unge talentfulle spelarane til Volda. Tuva Willmann (21) frå Utleira er ein talentfull, hard streksspelar som kjem til å tilføre oss konkurranse og guts. Vi gler oss til å videreutvikle henne både angreps- og forsvarsmessig. 

Tuva Willmann: «Eg ønsker å spele for Volda fordi eg trur det er ein spennande klubb som byr på nye utfordringar. Her er det masse konkurranse og gode utviklingsmuligheiter.» (Foto: Lars Rune Skaug)

Ein annan trønder er Kari Sætern (21) frå Byåsen. – Her får vi ein veldig spennande bakspelar som har eit stort potensiale som vi gler oss veldig til å utvikle i samspel med våre allereie dyktige og rutinerte bakspelarar. Kari kjem også til å tilføre god konkurranse om bakspelar-posisjonane, meiner Møistad.

Kari Sætern: «Eg valde å signere for Volda fordi det er eit lag med stort fokus på utvikling og som byr på nye utfordringar. Det verker som eit profesjonelt opplegg med mange i og rundt klubben. Eg gler meg til oppstart og til å bli kjent med jentene og trenerteamet!» (Foto: Stian Bye Høgsveen)

Den fjerde nysigneringa er venstrekant Nora Jacobsson Van Stam (29). – Nora kjem til Volda med lang erfaring frå både svensk og tysk topphandball. Ho tilfører laget både fart, erfaring og ein stor posjon lagand. De er ein spelar som får ei viktig rolle i vårt arbeid med å utvikle laget til å bli eit endå sterkare fellesskap. 

– Nora er en inkluderande person med masse erfaring som vil vere med å utvikle fleire av våre unge og talentfulle spelarar. Vi gler oss veldig til å få Nora på plass i juli, avsluttar Reidar Møistad. 

Nora Jacobsson Van Stam har spelt elleve sesongar i svenske Skövde, og kjem no til Volda etter to sesongar for BSV Sachsen Zwickau, der både Aud Ingrid Silseth og Hannele Nilsson også har ei fortid. (Foto: Marco Unger)

Siste veka i juli startar Volda oppkøyringa mot neste sesong.