Vil du bidra og bli ein del av ein klubb i utvikling?

Volda handball er ein klubb i utvikling og inn for sesongen 24/25 behov for fleire frivillege.
Vi ynskjer å gjere arrangementa våre og tilbodet for barn og unge enno betre. Difor treng vi nett deg!

Som frivilleg i Volda handball får du vere med på mykje gøy kring kampane til 1.divisjon, sjå utvikling blant barn og unge i klubben, samt vere sosial og treffe nye folk.

Har du eit talent for PR/lage SOME innahald?
Er du ein ypperleg selgar?
Kan du motivere til trening og utvikling?
Vi har mange oppgåver som skal fyllast

Oppmøte og arbeid kjem an på kva arbeid du vil ta del i.

På kampdag får våre frivillige:
Arrangørbekledning
Gratis parkering utenfor hallen

Oppgåvene før, på og under kampdag vil vere mange og varierte,. Under her kan du lese litt meir om kva roller og arbeids oppgåver vi treng frivillege til:

Kampvert
Som kampvert skal du sørge for at publikum får informasjon om kvar ein kan sitte, kvar ein finn toalett osv. I tillegg er du med å halde orden under arrangementet, koste tribuner og tømme avfall når kampen er over.

Adgangskontroll og/eller billettsalg
Som frivillig på adgangskontroll og/eller billettsalg er du med å sørge for god flyt i inngangen og billetteringsområdet. Sjekkar billettar og hjelp publikum med å kjøpe billett om dei ikkje allereie har gjort det i VHK-appen.

Kiosk
Dine arbeidsoppgåver er primært klargjering av kiosk og kiosksalg, samt nedrigging av kiosk etter kamp.
Dette innber blant anna steiking av sveler, smøring av baguettar eller tillaging av anna mat som skal selgast etc. Nokre gongar kan det vere aktuelt å bidra med noko mat i høve VIP-arrangement, eller tillaging av enkel frukt til garderobene til laga og dommarane.

Maskotar (Frosk x2)
Som frivillige i maskotdraktene er hovedoppgaven å engasjere publikum, og få de med på heiing og klapping før og under kampen.

PR/SOME-innhald
I denne gruppa vert ein ansvarleg for å legge ut ymse SOME-innhald før, under og etter kamp. I tillegg til oppdatering av arrangement, teaser før kamp osv. Ein kan og jobbe med å vise reklame på skjermane under kamp. Ta bilete som klubben kan bruke, ikkje berre på 1.divisjon, men og på breiddekampar.

Frivilleg generelt
Sjølv om du ikkje har bestemte ynskjer for kva vi vil bidra med, men er villig til å hjelpe der det er behov er du hjarteleg velkomen i gjengen.
Nokon av oppgåvene kan kombinerast.

Meld deg via skjema i QR-koda under så tek vi kontakt med deg 🙂

Frivilleg arbeid står seg godt på CVen;)