Seriestart i Volda

Endeleg er det tid for handball igjen. I helga er det seriestart i både 1. og 2. divisjon.

Dermed får Volda-publikumet også sjansen til å stifte kjennskap med dei mange nye spelarane i årets volda-lag. På laurdag er det Strindheim som er motstandar i 2. divisjon, og trenar Reidar Møistad er optimist. – Vi stiller eit godt lag og gler oss til å kome i gang. Vi har god trua på ein god start. Det blir igjen ein sesong for 2. divisjon som gjev nyttig erfaring for mange av dei unge spelarane. Strindheim blir ein tøff motstandar, men vi har veldig trua på eit godt resultat, fortel Reidar. 

På søndag er det duka for «toppoppgjer» i 1. divisjon mot Flint frå Tønsberg som Reidar forventar kjem til kjempe på øvre halvdel av tabellen. – Søndag smeller det for 1. divisjon mot ein svært tøff motstandar. Det blir nok ein reprise på to tøffe kampar frå fjoråret, der Volda og Flint fulgte kvarandre til døra heilt til siste serierunde, og kor Volda trakk det lengste strået og sikra 2. plassen i 1. divisjon. Vi har jobba godt dei siste to vekene og er godt førebudde til søndag, kor vi håper og forventar masse folk i hallen!

Kampstart (2. div.) Volda 2 – Strindheim er laurdag 31. august kl. 16.00

Kampstart (1. div.) Volda  – Flint er søndag 1. september kl. 17.00

Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang i Volda campus Sparebank1 arena