Viktig kamp mot Utleira
Søndag får Volda besøk av Utleira. I serieopninga tapte trøndarane knepent mot Aker som er ein av opprykksfavorittane.
Det er derfor ein tøff kamp som ventar Volda. – Nøkkelen til seier ligg i å få forsvaret til å sitje. Det fortel voldatrenar Reidar Møistad. – Det fekk vi til i andre omgang mot Flint. Der pressa vi dei til å avslutte på dårlege sjansar eller heilt til dei blei avblåst for passivt spel. Lykkast vi med dette, vil vi også lettare kunne kontre inn fleire mål og vinne kampen, avsluttar Reidar.
Søndag er det også «kick-off» for dei aldersbeste laga til Volda. Dei samlast ein time før kampstart til servering av mat og drikke mm, og vil bli presentert for publikum i pausa av kampen.
Det blir derfor mange unge spelarar i klubbdrakt på tribuna, og vi håper også at mange andre møter opp for å heie på Volda!
Kampstart Volda – Utleira er søndag 8. september kl. 15.00
Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang i Volda campus Sparebank1 arena