Informasjon om Allidrett

Volda handball har denne sesongen starta med allidrett for årsklassene 2016-2019.
Dette er for å skape eit miljø for barn der dei får prøvd ulike idrettar, utfordra seg på ulike arena og kjent på meistring.

Volda handball ALLIDRETT har trening onsdagar i Volda Campus Sparebank1 Arena, bane 2 (om ikkje anna er infomert om)
Treningstida er mellom 16:30 og 18:00 der vi har fordelt dei på to ulike grupper.
Årsklassa 2019 har trening frå kl. 16:30-17:15
Årsklassene 2016/2017/2018 har trening frå 17:15-18:00

Vi trenar på bane 2 i Volda Campus Arena. Dit kjem du deg ved å gå ned trapp 3 på messaninen, eller gå til 1.etg frå parkeringsgarasja eller hovudinngangen.

Kostnad er 500kr/barn/halvår. Plass kjøpast i Volda handball sin app. Om du har behov for støtte så kan du sende e-post til stotte@voldahandball.no

Er du usikker på om allidrett er noko for ditt barn? Ta kontakt med Guro Bakke Liaskar på e-post guroliaskar@gmail.com så kan vi planlegge ei prøvetrening.

Aktivitetsplanen ser slik ut fram til jul: