Heimekamp mot debutant
Laurdag får Volda besøk av Trondheim topphåndball som har sin fyrste sesong i 1.divisjon.
Trondheim topphåndball blei ein realitet etter at fleire klubbar i Trondheim blei einige om å samle sine krefter i håp om å skape eit nytt topplag. Samarbeidet gav straks resultat med opprykk frå 2. divisjon på fyrste forsøk i førre sesong. I år står det nyopprykka laget med berre med to poeng etter tre kampar.
Dermed vil nok dei fleste legge eit visst favorittstempel på Volda som står med full pott. Likevel trur ikkje volda-trenar Reidar Møistad at det blir ein enkel kamp. – I denne serien er det mange nokså jamngode lag, og alle kan slå alle. Trondheim har slått Glassverket og heldt lenge følgje med Aker som er eit lag som er forventa høgt oppe, fortel Reidar.
– Vi har brukt dei to vekene med spelefri godt, og meiner vi er vel førebudd på laget vi skal møte. Spelar vi på nivå med det vi viste mot Levanger, så bør vi kunne dra iland to poeng, avsluttar Reidar.
Kampstart Volda – Trondheim topphåndball er laurdag 5. oktober kl. 15.00
Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang i Volda campus Sparebank1 arena
Laurdag skal Volda 2 ha bortekamp mot Orkanger, kampstart er kl. 14.00 i Orklahallen