Tar sikte på seier nummer seks
Sist helg vann Volda med kalassiffer i bortekampen mot Vålerenga, og viste med det at laget ønsker å kjempe i toppen av 1. divisjon. Denne helga kjem Nordstrand på besøk, eit lag som truleg vil by på langt tøffare motstand.
Oslo-laget har så langt i årets sesong sanka seks poeng etter seier mot Glassverket, Fyllingen og Storhamar. Sjølv om laget gjekk på eit solid tap mot Aker sist helg, så forventar volda-trenar Reidar Møistad at Nordstrand vil bite godt i frå seg.
– Søndag kjem årets fyrste verkelege test. Etter fem serierunder står vi med 10 poeng, noko som vi sjølve hadde forventa. Det var lag vi SKULLE vinne over. Søndag kjem eit godt-spelande Nordstrand på besøk, og vi må opp mot vårt beste for å sikre den 6. seieren på rad, seier Reidar. Vi har hatt ei god treningsveke med god matching mot Ørsta sitt herrelag, og er godt førebudd, fortel Reidar og avsluttar med følgande appell til heimepublikummet: No forventer vi at voldingane kjenner si besøkelsestid og kjem på kamp kl 13.00 på søndag!
Kampstart Volda – Nordstrand er søndag 20. oktober kl. 13.00
Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang i Volda campus Sparebank1 arena