Vil på vinnarsporet igjen
Søndag kjem Åsane til kamp mot Volda. Laget frå Bergen har tre tap på rad, sist helg nokså knepent mot Aker. Volda satsar på å kome tilbake på vinnarsporet igjen etter sesongens fyrste tap mot Pors førre helg.
Det er revansjelysten voldatrenar som ser fram til søndagens oppgjer. – Det er nok ein spennande kamp som ventar oss. Åsane viste i kampen mot Aker at laget har eit godt toppnivå, og vi må spele opp mot vårt beste for å sikre to nye poeng, fortel Reidar Møistad. – For oss handlar det om å slå tilbake etter eit skuffande resultat mot Pors sist. Fokus denne veka er å finne tilbake til vårt forsvarsspel som har vore veldig solid så langt denne sesongen, men som vi ikkje fekk til å stemme godt mot Pors. Vi håper på mykje publikum i Campus, og gler oss til å vise oss fra vår beste side igjen på søndag, avsluttar ein optimistisk voldatrenar.
Kampstart Volda – Åsane er søndag 10. november kl 16.00
Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang i Volda campus Sparebank1 arena