Ny heimekamp for Volda
Søndag blir adventstida blir innleia med heimekamp mot Fyllingen frå Bergen.
Fyllingen står så langt med 7 poeng etter 9 kampar. Resultatmessig har Fyllingen variert mykje, men laget har gjort gode kamper mot topplaga Fjellhammer og Aker. – Dette blir derfor nok ei tøff oppgåve, meiner voldatrenar Reidar Møistad, som legg til at Volda må spele opp mot sitt beste for å ta to poeng i denne kampen.
Ein viktig faktor før denne kampen er EM i handball som startar denne veka, og der Volda sin eigen Dana Gudmundsdottir skal spele for Island. – Det bli spennande å følgje med på korleis Dana gjere det der, men det betyr også at vi må klare oss utan ein av våre viktigaste spelarar mot Fyllingen. I tillegg har det vore noko sjukdom i troppa som har utfordra oss litt på treningar denne veka. Eg trur likevel at vi skal vere godt nok førebudd til å kunne sikre oss to poeng, avsluttar Reidar.
Til denne kampen inviterer Volda handball til “heie-konkurranse”.
Den klassa eller laget (6-12 år) som heiar mest og høgast vinn ei handballsamling med alle dei kjekke spelarane våre. NB! Hugs å lage plakat med namnet på klassa/laget ditt, så vi veit kven vinnaren er. Gratis inngang til alle som deltek!
Kampstart er søndag 1. desember kl. 16.00 i Volda campus Sparebank1 arena. Billettar kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang.