Årets førjulsgåve!

Onsdag inviterer Volda til Kronekampen. Det betyr at publikum får gratis inngang, mens Volda sine sponsorar betalar eit visst kronebeløp per tilskodar. Dess fleire som kjem på kampen, dess meir inntekter blir det til støtte for klubben sitt treningstilbod for barn og unge.

-Vi er svært takksame for alle sponsorane som på denne måten stiller opp for klubben, forteller sponsoransvarleg Espen Stray Helle. – Vi har fått tydelege signal om at det er stor interesse for denne kampen, og håper på at det blir over 600 på tribunene, seier Helle. I tillegg til ein spennande kamp kan Helle også love underhaldning frå Volda skulekorps, konkurransar og ulike aktivitetar for dei yngste.

Volda-damene har hatt ein god sesong så langt, og satsar på to nye poeng mot Aker.

Før denne kampen ligg Volda på tredjeplass, to poeng bak Aker men med ein kamp mindre spelt. På laurdag spelte Aker uavgjort mot serieleiar Fjellhammer. For voldatrenar Reidar Møistad er denne kampen svært viktig med tanke på toppstriden i 1. divisjon.

– Aker Topphåndball blir ein av dei aller argaste konkurrentane for å nå målet som er toppen av tabellen. Vi har hatt ei god treningsveke bak oss med god matching frå herrelaget til Ørsta, og har fortsatt nokon gode treningar framfor oss før møtet med Aker. Det blir garantert ei tøff oppgåve, mot eit Aker-lag som gjerne vil spele med høgt tempo. Vi gler oss til kamp, og håper at gratis inngang for alle vil sørge for VELDIG MANGE tilskoderar som skaper god stemning, avsluttar ein optimistisk voldatrenar.

Sparebanken Møre er ein av fleire sponsorar som bidrar til Kronekampen.

Kampstart Volda – Aker topphåndball er onsdag 18. desember kl. 17.30 i Volda campus Sparebank1 arena.