Seier i fire av fire mulege for Thea

To mål mot Vålerenga markerte eit flott punktum for ei travel men også særdeles vellykka handballhelg for Thea Brænde og Volda.

Thea Brænde er berre 16 år, men i tillegg til 16-årslaget er ho fast inventar på Volda sitt lag i 2. divisjon, og denne helga var ho også med i troppa til 1. divisjonslaget. Alle desse laga vann sine kampar denne helga.

Fyrste kamp for Thea var mot Rælingen i 2. divisjon på laurdag ettermiddag. Kampen endte 28 – 22 til Volda. Eit par timar seinare var det ny kamp. I Regionserien for J16 skulle samarbeidslaget Volda/Ørsta fyrst møte Byåsen, og tok tidleg ei solid 8-0-leiing. Etter kvart kom Byåsen noko meir med i kampen, men den endte likevel med 24 – 20 til Volda/Ørsta.

Søndag morgon venta tøffare motstand mot Charlottenlund. Etter å ha lege bak store delar av kampen, snudde Volda/Ørsta til seier 22 -20 i sluttminutta. Dermed avanserte laget til 2. plass i Regionserien.

Kampen mot Vålerenga bar tydeleg preg av at dette var topp mot botn i 1. divisjon. Mot slutten av kampen fekk Thea sjansen på parketten, og takka for tilliten med to fine mål i sin kamp nummer fire denne helga. Med seier 35 – 16 økte Volda luka ned 2. plassen til fire poeng.

Søndag 26. januar kl. 15.00 kjem Levanger på besøk, billettar kan du kjøpe i Volda handball-app eller ved inngang.

Merkesteinane m/Øyvind Lied og Simen Bjørdal: I pausa i kampen mellom Volda og Vålerenga fekk vi ei hit-parade med Merkesteinane. Med låtar som «Den finaste dama» og utilslørt publikumsfrieri skapte bandet god stemning og hausta stor applaus frå eit talrikt publikum.