Foto: Idar Arne Krisitiansen

Volda Handball søkjer Spelarutviklar/lagleiar i 50% stilling

Stillinga vil primært ha fokus på Volda sitt rekruttlag i 2. divisjon, samt som spelarutviklar for breiddesatsinga i klubben. Spelarutviklar vil ha eit tett samarbeid med klubbens hovudtrenar og Volda Elite, for å sikre ein raud tråd frå liten til eliten.

Volda Handball har dei siste 10 åra hevda seg i toppen i norsk handball, og kjempar også denne sesongen om opprykk til Rema 1000 ligaen. Klubben har eit mål om å etablere seg som ein toppklubb over tid, og ynskjer å få fram fleire lokale og regionale spelarar som hevdar seg på dette nivået.

Klubben har teke initiativ til SunnmørsLøftet som eit nytt tilbod overfor spelarar og trenarar på Sunnmøre, samt Akademiet som eit lokalt tilbod i Volda/Ørsta.

Arbeidsoppgåver:

  • Kampleiar og planlegge/leie faste treninger for rekruttlaget, samt treningar for utvalgte aldersbestemte lag begrensa til 4 kveldar i veka
  • Deltaking i Akademiet, SunnmørsLøftet og andre oppgåver etter avtale
  • Sportsleg utvikling generelt: Delta på trenerforum, utarbeide og fylgje sportsleg plan i samarbeid med hovudtrenar

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring som spelarutviklar, minimum trenar 2 utdanning, og helst erfaring frå miljø i topphandballen
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjoner
  • Flink til å skape eit positivt og motiverande miljø

Volda Handballklubb: Klubbens kjerneverdiar er entusiasme, trivsel og utvikling. Klubben er i stor grad dugnadsbasert, og Volda har blitt kjent for stor entusiasme og som ein god og trygg utviklingsarena for talent frå inn- og utland. Sjå voldahandball.no

Søknad og CV kan sendast til post@voldahandball.no
Spørsmål om stillinga kan rettast til hovedtrenar Reidar Møistad, 968 46133 eller styreleiar Arild Bakke, 90522420

Søknadsfrist: 10.03.2025. Aktuelle kandidatar blir vurdert fortløpande. Tilsetting kan skje før utgang av søknadsfrist.