
Tøff motstand i vente
I Iøpet av sesongens 19 fyrste kampar, er Pors det einaste laget som har slått Volda.
Søndagens motstandar har også slått både Aker og Fjellhammer, og ligg i dag på femte plass på tabellen. Telemarkingane varierer mykje i prestasjonane, men har eit høgt toppnivå advarer voldatrenar Reidar Møistad.
– Pors er eit lag med ei fin blanding av rutine og unge fremadstormande spelarar som klarer å halde i 60 minuttar. Dei har 3-4 profilar som er svært avgjerande for dei, og vår hovudoppgåve blir å halde dei nede på eit fornuftig antall scoringar.
– For vår del blir det «business as usual»: Eit sterkt forsvar og høgt tempo. I tillegg fortsetje den gode trenden med disiplinert angrepsspel, fortel Reidar som håper på god støtte frå eit talrikt publikum. – Søndag treng vi verkeleg mange mennesker i hallen, og håper på fullt trøkk fra tribuna. Vi sjåast søndag kl 15.00!
Vårt lag i 2. divisjon skal også i aksjon, og møter Orkanger heime på laurdag.
Kampstart Volda 2 – Orkanger (2. div.) laurdag 22. februar kl. 16.00
Kampstart Volda – Pors (1. div.) søndag 23. februar kl. 15.00
Billettar kjøpast i Volda handball- app eller ved inngang