
Klar for sluttspurt
Fem kampar gjenstår når Volda tek imot Storhamar på onsdag. Hedmarkingane kjempar for å unngå nedrykk, men kan vise til stigande form den siste tida.
Ser ein berre på tabellen er nok Volda favorittar i denne kampen. Likevel kan det å møte eit lag i desperat poengnaud ofte vere vanskeleg, noko som også voldatrenar Reidar Møistad understrekar.
– Onsdag venter nok ein svært vanskeleg kamp. Denne gongen mot Storhamar, som i den seinare tida har hatt nokon verkeleg sterke resultat. Dei «burde» ha vunne mot Aker (tapte med eitt mål), og gjorde ein svært solid kamp mot Fyllingen no sist som dei vann 32-23 etter tidvis meget godt spel, fortel Reidar.
– Våre spelarar er klare for kamp etter ei noko roligere veke med alternativ trening og førebuing mentalt før sesongens fem siste og avgjerande kampar. Vi har hatt mykje publikum på dei siste kampane, og eg håper det gjentar seg også på onsdag, avsluttar Reidar.
Kampstart Volda – Storhamar bredde onsdag 12. mars kl. 18.00
Billettar kjøpast i Volda handball- app eller ved inngang