Møter lag i poengnød

Det er tett i toppen  av 1. divisjon når berre tre kampar gjenstår av sesongen. Heimekampen mot Glassverket blir derfor svært viktig med tanke på Volda sine sjansar for direkte opprykk.

I dag står Volda og Fjellhammar begge med 41 poeng, mens Aker halsar rett bak med 40 poeng. Volda sine to opprykksrivalar møtes denne helga, mens Volda tek imot Glassverket. Drammenslaget ligg utsatt til, berre eitt poeng over nedrykksstreken. Her ligg laga tett, og Glassverket har derfor berre fire poeng opp til Utleira på fjerdeplass. Voldatrenar Reidar trur derfor at det kan bli ein jamn og spennande kamp på laurdag.

– Vi får besøk av Glassverket som er i poengnød for unngå nedrykk, så derfor blir det nok ein vanskeleg heimekamp for oss. Laget har trent godt denne veka, og vi kjem til å stille med «fullt» lag. Vi føler at vi er førebudde til laurdagens motstander, fortel Reidar.

For Volda er «den neste kampen alltid den viktigaste», og Reidar understrekar at det er noko som er viktig å fokusere på no som serien skal bli avgjort. – Vi gler oss til kampen, og meir enn nokon gong denne sesongen treng vi støtte fra tribunen, så vi håpe på mange i hallen laurdag, avsluttar Reidar.

Tidlegare på laurdag skal også vårt lag i 2. divisjon i aksjon mot Byåsen 2, så denne dagen kan vi by på mykje spenning.

Kampstart Volda 2 – Byåsen 2 (2. div.) , laurdag 22. mars kl. 13.30

Kampstart Volda – Glassverket (1.div.), laurdag 22. mars kl. 16.00

Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang.