
Ventar publikumsrekord
Pressemelding: Etter Volda sin seier mot Aker er premissane klare før opprykksfinalen mot Fjellhammer komande søndag
For Volda vil seier eller uavgjort vere det som skal til for å sikre opprykk til Rema 1000-ligaen. – Vi vil gjerne ha med oss alle handballvener på Sunnmøre og i Nordfjord til å danne ei flott ramme kring denne viktige kampen, seier leiar i Volda handball, Arild Bakke. – Det blir derfor gratis inngang for alle under 18 år, betalt av vår generalsponsor Sparebanken Møre. Det blir i utgangspunktet også gratis for dei over 18 år, men vi tillet oss å oppmode om at alle vaksne vippsar eit valfritt beløp for Saman-er-vi-sterke-billett. Klubben treng å styrke økonomien, då det sjølvsagt koster ekstra å ta steget opp i Rema 1000-ligaen, fortel Bakke.
– Dette kan bli ein ny historisk dag for klubben og ikkje minst ei magisk oppleving for alle oss som elskar handball. Vår fantastiske heimearena er laga for slike store kampar, og laget fortener verkeleg at vi greier å fylle hallen med stor entusiasme denne kvelden. Eit entusiastisk og stort heimepublikum kan fort bli ein avgjerande faktor i denne kampen, avsluttar Bakke
Ver tidleg ute
Espen Stray Helle i arrangementsgruppa har merka stor interesse for kampen. – Det pleier å vere kring 100 personar som trykker på arrangementet på facebook før kampar der vi har 400-500 på tribunene. No har allereie over 400 trykt på fb-arrangementet, seier Helle som har stor tru på at publikumsrekorden kan bli slått. – Vi har hatt 1260 tilskoderar på ein seriekamp mot Vipers, og det ville vere supert om vi kan slå den, fortel Helle.
– Vi har rigga oss for å kunne ta i mot mange på søndag. Sjøl om det er plass til over 2000 tilskoderar, så vil vi oppmode publikum om å vere på plass i god tid før kampstart klokka 17.00, avsluttar Helle.
For meir informasjon, kontakt
Arild Bakke, tlf 905 22 420
Reidar Møistad, tlf 968 46 133