Førehandsomtale: Volda – Storhamar

Volda har mykje å revansjere når dei møter Storhamar i årets fyrste heimekamp. Hedmarkingane har dei to siste sesongane vunne tre av dei fire oppgjera mellom dei to laga, og dermed fråtatt Volda verdifulle poeng i kampen om opprykk.

Søndag kjem laget frå Hamar på besøk til Volda, og voldatrenar Reidar Møistad lovar full innsats for at to poeng skal bli igjen på Sunnmøre.

– No ventar Storhamar i ein særs viktig kamp heime på Campus. Vi håper på mykje folk i hallen, og vi kan love ein kamp med høgt tempo. Vi har lagt ned ein solid treningsinnsats, og har framleis nokre dagar til å finpusse på førebuingane, kan Reidar fortelje.

Volda hadde full kontroll og vann 33 – 18 borte mot Kjelsås i serieopninga, men Reidar trur det blir langt sterkare motstand på søndag.

– Storhamar har fleire sentrale spelarar som betyr mykje for dei, og som vi må vere ekstra merksame på. For vår eigen del er vi no nesten fulltallige, og har fått trena godt som lag. Frå både serieopninga og cupkampen mot Molde tek vi med oss mange positive erfaringar.

NM-kampen mot Molde sette ein ny standard for aktivitetar og opplevingar i hallen. Nytt av året er at vi fast kjem til å gjennomføre vårt 50/50-lotteri, der du kan tippe resultatet av kampen. Dei som kjem nærast vinn halvparten av potten, medan resten går til klubben.

I tillegg har vi presisjonskonkurransen «Kast ballen i bøtta», der du frå valfri plass på tribunen skal prøve å treffe bøtta på midten av bana. Det aller første kastet nokon gong i Volda Campus trefte bøtta, og vi kunne dele ut ei signert Team Esbjerg-trøye med autografane til alle spelarane – mellom andre Nora Mørk og Henny Reistad.

Les meir om dei to konkurransane via denne lenkja -> 50/50 lotteri – «Kast ballen i bøtta!». Du kan kjøpe begge lotteria ved inngangen, eller av spelarar frå rekruttlaget som sel på tribunen før kampen og dei første fem minutta av pausen.

🔥 VOLDA vs STORHAMAR 🔥
📍 Volda Campus Sparebank1 Arena
🗓 Søndag 14. september kl. 18:00

Endeleg klart for storkamp på heimebane! 💚🤾‍♀️
Sikre deg plass – kjøp billettar på nett eller i appen. 🎟

NB! Volda sitt rekruttlag i 2. divisjon møter Kongsvinger laurdag 13. september kl. 17.00 i Volda campus Sparebank1 arena.

👉 Vi sjåast i hallen!

Alle bilder: Jon Forberg