
Viktige kampar både på og utanfor bana
Volda har ei travel veke framfor seg. På søndag er det bortekamp mot nyopprykka Stavanger, mens opprykksrival Flint Tønsberg kjem på besøk onsdag. Oktober er også månaden der Rosa sløyfe-aksjonen ønsker å sette fokus på kampen mot brystkreft. Derfor vil Volda spele i rosa trøyer som blir auksjonert bort til inntekt for denne viktige saka.
Aller fyrst på voldatrenar Reidar Møistad sin timeplan står førebuingane til kampen mot Stavanger. – Vi har hatt ei fin treningsveke så langt der vi blant anna har trent saman med Ørsta-herrane. Vidare fram mot helga blir det videoanalyser og finpuss fram mot avreise til Stavanger.
Stavanger tapte i sin førre kamp 27 – 41 mot Flint som er Volda sin motstandar i Rosa sløyfe-kampen onsdag.
– Der får vi ein alvorleg test på kor vi står mot eit lag som vi forventar vil kjempe i toppen. Flint har i år ein sterkare stall enn i fjor, og har opna sesongen veldig bra, fortel Reidar. – I denne kampen må vi derfor heilt opp mot vårt beste. Vi håper på mykje folk til Rosa sløyfe aksjonen, slik at vi kan skape ein flott ramme kring ein reell toppkamp og ei viktig sak, avsluttar Reidar.
Her er meir info om Rosa sløyfe-aksjonen: https://voldahandball.no/wp-admin/post.php?post=3075&action=edit
Kampstart Volda – Flint Tønsberg er 1. oktober kl. 18.00
Billettar kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang. Du kan også kjøpe billettar i Norsk Topphandball-app.