Volda herja med opprykksrival Flint Tønsberg – Mie Blegen Stensrud med ellevill kamp
Volda viste klasse då dei tok imot opprykksrival Flint Tønsberg i helga. Heimelaget tok tak frå start og leia heile 20–13 til pause etter ein omgang prega av høgt tempo, solid forsvar og effektivt angrepsspel.
Bortelaget valde å spele 7 mot 6 store delar av kampen – eit taktisk val som slo feil. Volda straffa det optimistiske spelet knallhardt, og konta inn fleire enkle mål etter tekniske feil og redningar.
Dette vart ei heilt spesiell kamp for bakspelar Mie Blegen Stensrud, som verkeleg stod fram og leverte heile 24 mål – ein prestasjon som knapt er til å tru på dette nivået. Ho var ustoppelig, både frå distanse og gjennom fintar og gjennomspel.
Også defensivt leverte Volda varene. Målvakt Natasja Kyndesen hadde fleire viktige redningar og var eit anker bakover. Forsvaret var til tider heilt umogleg å bryte ned, noko som gjorde livet vanskeleg for gjestane frå Tønsberg. Sluttresultatet blei heile 41 – 31
Med denne sigeren sender Volda eit kraftig signal i opprykkskampen – her er det eit lag som meiner alvor.
Like gledelig er det at vår Rosa Sløyfe-auksjon drog inn ikkje mindre enn 26.500,- til aksjonen! Høgste bud kom på kaptein Dana Bjørg Gudmundsdottir si drakt nummer 77. Hele 5.000,- kom inn! Tusen takk til alle som bidrog 🙂