
Julia Hessen klar for Volda Handball
Volda Handball held fram med å satse ungt og framtidsretta, og har no sikra seg ei av dei mest spennande spelarane i regionen.
Det er no klart at Julia Hessen går frå Molde Elite til Volda Handball på ein utlånsavtale som varer fram til 1. juni 2026.
Avtalen har kome i stand etter ein god og konstruktiv dialog mellom klubbane, og Volda-leiinga er både stolte og glade for å ha fått dette på plass.
– Vi har følgt Julia over lengre tid, og ser eit stort utviklingspotensial i henne, seier trenar i Volda Handball, Reidar Møistad.
– Gjennom eit godt samarbeid med Molde og Calle Inbjør har vi funne ei løysing som gir Julia dei beste moglegheitene for å utvikle seg vidare. Vi håpar og trur at ho på sikt kan ta steget opp i REMA 1000-ligaen – og bli ein enda viktigare brikke i juniorlandslagsmiljøet.
Hessen, som allereie har vist seg som ein hardtarbeidande og ambisiøs spelar, får no moglegheita til å ta nye steg i eit miljø som har vore eit springbrett for fleire unge talent dei siste åra.

– Volda har vist at dei gir unge spelarar tillit, ansvar og gode rammer for utvikling. Eg gler meg enormt til å bli ein del av laget og bidra både på trening og i kamp, seier Julia Hessen sjølv.
Overgangen blir omtala som eit resultat av gjensidig respekt og samarbeidsvilje mellom klubbane.
– Vi vil rette ein stor takk til Molde Elite for ei ryddig prosess og positiv innstilling. Det er slik vi ønskjer å jobbe – med løysingar som tener både spelaren og norsk handball, seier Volda-leiinga.
Volda Handball har dei siste åra etablert seg som ein attraktiv utviklingsarena for unge spelarar, og signeringa av Julia Hessen passar perfekt inn i den strategien klubben står for.
– Vi gler oss til å sjå Julia i Volda Campus, og er sikre på at ho vil bidra både sportsleg og sosialt i laget, avsluttar Reidar.
Første kampen du kan sjå Julia er i Trondheim når Volda møter Utleira. Neste heimekamp er mot Åsane 2. november. Vi oppfordrar alle til å møte opp for å helse på Julia og heie henne og resten av jentene frem til seier.