
Ventar tøff motstand
Heilt sidan ti-målsseieren mot Flint i førre veka har voldatrenar Reidar Møistad retta blikket mot Utleira som Volda skal møte i Trondheim komande søndag. Han forventar ein tøff kamp mot ein vanskeleg motstandar.
Hittil i sesongen har trøndarane berre spelt mot Gjøvik (seier 30 -23) og Flint (tap 29-32) etter at to andre kampar er blitt utsatt. Før denne sesongen har laget fått ringreven Mia Hermanson Høgdahl som ny hovudtrenar. – Mia Hermanson Høgdahl treng ikkje noko nærare presentasjon. Ho har ei fantastisk spelarkarriere bak seg, og har vore sentral i det norske landslaget i mange år så ho har mykje å tilføre Utleira, fortel Reidar.
Søndagens motstandar trur Reidar vil hamne på øvre halvdel av tabellen. – Utleira kjempar tøft, og er blant dei laga som kjem til å plukke mange poeng. Vi skal prøve å jobbe vidare med det vi gjorde mot Flint, men dette blir ein heilt annan kamp, og vi får nok ei tøffare oppgåve enn heime mot Flint. Vi er spente, men veldig motiverte for å gjere ein god kamp, avsluttar Reidar.
Kampstart Utleira – Volda er søndag 12. oktober kl. 15.00 i Utleirahallen. Kampen blir også vist på TV2 play.