Volda-profilar til landslagssamling – Søre-Sunnmøre leverer på alle nivå

Det er ikkje berre i 1. divisjon Volda Handball markerer seg om dagen – no skal fleire av klubbens profiler også måle krefter på internasjonalt nivå.

Volda sin islandske venstrekant Dana Bjørg Gudmundsdottir er nok ein gong teken ut til A-landslagssamling med Island, der ho får sjansen til å vise seg fram blant dei beste frå heimlandet. Gudmundsdottir har levert jamt høgt nivå i starten av sesongen og er ein viktig brikke for Volda.

Men det er ikkje berre Dana som skal på samling. På juniorlandslaget finn vi Julia Hessen, som for alvor har slått gjennom denne hausten. Samlinga blir ekstra spennande denne gongen, ettersom juniorane skal trene saman med Rekruttlandslaget – ei gruppe der fleire spelarar allereie er tekne ut til A-landslaget som skal i aksjon komande helg.

Frå Ørsta kjem også Emily Dyrhol Slenes, som er teken ut til U-landslaget. Ho følgjer i fotspora til storesyster Thea Dyrhol Slenes, som dessverre må stå over juniorlandslagssamlinga på grunn av skade.

Dermed er tre spelarar frå Søre-Sunnmøre representert på ulike nivå av landslaga – eit tydeleg teikn på at det gror godt i regionen.

– Det er inspirerande å sjå korleis unge spelarar tek steget. Dette viser at systemet, miljøet og satsinga her i området verkeleg gir resultat, seier ein nøgd Volda-trenar Reidar Møistad.

Samlinga betyr tøffe økter og høgt nivå verdifull erfaring for dei unge spelarane – og heime i Volda er det mange som følgjer med og heiar frå sidelinja. 💪💚