
Trenaren har ordet
Etter landslagspausen er det klart for ny kamp for Volda når dei denne helga reiser nordover for å møte Trondheim Topphåndball. Trøndarane har hatt ein noko mager poenghaust så langt i sesongen.
Likevel trur voldatrenar Reidar Møistad at Trondheim Topphåndball kan vere langt betre enn 12. plassen på tabellen kan tyde på.
– TTH tapte sist mot Flint, men hadde ein veldig god 2. omgang. Vi skal vere langt meir klare frå start no mot dette laget enn vi var mot Utleira. Vi har bak oss ei god treningsveke, og får også ytterlegare økter før vi reiser til Trondheim, så vi skal vere godt førebudde. Vi slit fortsatt med ein del skader i laget, men nærmar oss ei full tropp i løpet av eit par veker, fortel Reidar før han legg til. – Kanskje får vi også ein debutant denne helga….
Kampstart Trondheim Topphåndball – Volda er 26. oktober kl. 13.00 i Husebyhallen.
I 2. divisjon skal Volda 2 møte Selbu heime.
Kampstart er 25. oktober kl. 17.00 i Volda Campus Sparebank1 arena.


