Velkommen, Ine Fremo!

Det er med stor glede Volda Handball kan presentere Ine Fremo som ny spelar i klubben. Ine kjem på utlån frå Byåsen Håndball Elite, og vil styrke laget med sårt tiltrengt kvalitet og breidde i ei skadeutsett bakrekke.

Fremo er ei ung, ambisiøs og treningsvillig spelar med bakgrunn frå eitt av landets mest tradisjonsrike eliteklubbar. Ho er kjend for sitt skotrepertoar, god spilleforståing og evna til å skape fart i angrepsspelet – eigenskapar som passar perfekt inn i spelestilen til Volda.

Hovudtrenar Reidar Møistad er svært nøgd med å få henne inn i troppen:
– Ine er ein ung og spennande spelar som enno ikkje har fått det store gjennombrotet i eliteserien, men som verkeleg treng og fortener meir speletid. Ho har vist gode haldningar, trenar hardt og har eit potensial vi ønskjer å vere med å utvikle. Vi har store forventningar til at ho kan bidra allereie frå førstkomande bortekamp mot Trondheim Topphåndball, seier Møistad.

Med denne signeringa viser Volda Handball at klubben tenkjer både langsiktig utvikling og kortsiktig forsterking – eit viktig steg i kampen om å halde seg i toppen av 1. divisjon.

Ønsk Ine varmt velkomen til Volda – og lukke til i marineblå drakt! 💚🤾‍♀️