
Unge handballtrenarar
Det er mange klubbar som ofte slit med å rekruttere trenarar. I Volda handball har to unge jenter på eige initiativ starta opp treningar for å gje eit tilbod til dei aller yngste.
Onsdag var det tid for den aller fyrste treninga for born fødde i 2017 i Volda campus Sparebank1 arena. Det er to unge trenarane som har teke på seg ansvaret for å lære dei litt av handballkunsten er Thea Åmås Løvik og Jenny Nielsen Sætre. Thea og Jenny er snart 15 år og har spelt handball halve livet sitt. Dei har begge tatt barnedommarkurs, og har vore dommarar under Volda cup og nokre seriekampar.
Til fyrste trening var det seks jenter som møtte, mens det var to som dessverre måtte melde forfall. Thea og Jenny håper at endå fleire vil bli med framover, og understrekar at også gutar er hjarteleg velkomne.
– Vi ser fram til ei kjekk tid saman, der vi skal lære, leike og ha det gøy med handball!
Treningane er kvar onsdag kl. 15.30 – 16.30, og ein kan berre møte opp eller melde seg på via Spond (kode til gruppa er ECYKG)



