PRESSEMELDING

Volda får avklart situasjonen rundt Ine Fremo

Volda Handball har mist eit poeng frå uavgjortkampen mot Trondheim Topphåndball (30–30) etter ei administrativ avgjerd frå Noregs Handballforbund. Årsaka var at NHF meinte at Ine Fremo ikkje var speleklar på grunn av ein intern overgang mellom Byåsen Elite og Byåsen Breidde, som etter forbundet si tolking utløyser ein karantene på 60 dagar.

Etter ei ny gjennomgang av saka er den interne overgangen mellom Byåsen Breidde og Byåsen Elite no blitt kansellert. Dette inneber at Ine Fremo formelt var speleberettiga for Volda, og ho var dermed òg klarert til kampen mot Åsane.

Volda står difor ikkje i fare for å miste poeng i ettertid, og saka blir rekna som avklart frå klubben si side.

– Det har vore ein krevjande prosess, men vi er glade for at saka no har fått ei avklaring. For oss har det heile tida handla om å følgje regelverket, og vi set pris på at dette no er retta opp, seier styreleiar Arild Bakke.

Poenget mot Trondheim Topphåndball er difor dessverre tapt.

For spørsmål og utfyllende kommentar kan Jon-Arne Kamsvåg kontaktes på telefon 418 44 593.