
Klar for trenarduell
Komande søndag blir det gjensyn med tidlegare Voldatrenar Thomas Reeh når Glassverket gjestar Volda.
Som ny trenar for laget frå Drammen har Reeh hatt ein tung start på sesongen, med tap i seks av sine sju kampar. Volda må derfor tole eit favorittstempel før kampen, men ein noko vanskeleg skadesituasjon skaper noko bekymring hos trenar Reidar Møistad.
– Vi har fortsatt ein noko uavklart skadesituasjon. Ine hadde nyleg ein overtråkk, men vil nok vere klar for trening torsdag. Aurora blir nok neppe klar til kampen, og det same gjeld Thea (Slenes) som nok vil vere ute ei stund til. Dessutan er vi også usikre på om Sofie blir klar til kunne spele søndag, fortel Reidar som ser fram til kampen mot sin gamle trenarkollega.
– Vi er spente, og det er nok Thomas også som kjem på besøk. Glassverket har hatt ein tung start, så vi må nok tole favorittstempelet. For oss handlar det om samling i bånn etter ein noko rufsete periode. Vi hadde ei kjempefin trening i går, og jentene er topp motiverte. Vi ser fram til kampen, og no treng vi at endå fleire kjem i hallen, for det er i motgang vi viser kva vi er laga av, avsluttar Reidar.
Kampstart Volda – Glassverket er 9. nov. kl. 16.30.
Same dag er det kamp for vårt lag i 2. divisjon. Kampstart Volda 2 – Utleira 2 er kl. 14.00.
Vi markerer også at det er farsdag, og alle fedre vil derfor kunne kjøpe billett til halv pris.
Billettar kan du kjøpe i app, ved inngang eller her: https://voldahandball.woow.no/home


