
Skadesituasjonen i troppen
Skadesituasjon lang som eit vondt år
Volda Handball har vore gjennom ein haust prega av fleire tunge skadesmellar – så mange at det stundom har kjentast som ein kamp mot kalenderen like mykje som mot motstandarane. Men midt i utfordringane står ei spelargruppe som held fram med å vise mot, samhald og tru på det som kjem.
Mie Blegen Stensrud – venstrebacken i uviss ventetid
Mie skal under kniven allereie førstkomande måndag. MR-undersøkinga viser skade på menisken, men omfanget blir først klart når kirurgane kjem til. Må menisken sys, er sesongen truleg over for Mie. I beste fall, dersom inngrepet blir enklare, kan ho vere tilbake til toppkampen mot Aker på nyåret.
Aurora Hjelseth-Steen – uflaks i rekkene
Backupen på venstreback fekk eit komplisert fingerbrot på trening og måtte opererast tidleg i oktober. Heldigvis ser prognosane gode ut. Aurora kan vere aktuell allereie til Folkets kamp mot Pors 13. desember, om alt går som planen.
Sofie Stokkendal Poulsen – dansken på veg tilbake
Allereie i sesongens første kamp, NM-oppgjeret mot Aksla i august, fekk Sofie ei kraftig hjernerysting etter eit stygt fall. Sidan ho har hatt denne typen skade før, har klubben vore ekstra varsam for å unngå tilbakefall. No deltek Sofie igjen på trening, og målet er at ho skal vere klar til nettopp 13. desember.
Thea Slenes – lokalt talent med uflaks
Thea fekk påvist ei rift i korsbandet i satsfoten og må halde seg borte frå all handball ut året. Deretter ventar ein lengre opptrening, men trenerteamet håpar og trur at ho kan bidra igjen mot slutten av januar.
Ine Fremo – nykomar med uheldig start
Utlånet frå Byåsen var på plass, men etter berre nokre få treningar fekk Ine ein vond overtråkk. Ho er framleis skåna for store belastningar, men alt tyder på at ho blir klar til oppgjeret mot Glassverket.
Natasja Kyndesen – keepertrøbbel på løpande band
Først var Mathilde ute to kampar med ein overtråkk. Denne veka vart det Natasja sin tur. Ho held seg unna ordinære handballøkter, men med tape og mobilitetstrening håpar ein å få ho klar til Glassverket-kampen.
Willmann og Pedersen Lersveen – fleire på skadelista
Både Tuva Willmann og Helga Pedersen Lersveen har òg vore heilt ute i periodar denne sesongen. Det er ikkje til å stikke under ein stol: skadesituasjonen har vore krevjande.
Lyspunkt og framdrift
Trass i alt dette står Volda Handball sterkare no enn for berre nokre veker sidan. Med tilskotet av tre nye bakspelarar – Ine Fremo, Marie Munthe og Julia Hessen – har laget fått både breidde og slagkraft i rekka. Samstundes er både Hannele Nilsson og Emma Klauset i god form, og rekruttspelarane Emily Slenes og Thea Brænde bidreg med energi og kvalitet på trening. Sånn sett er vi ikkje nervøs for bakspiller-posisjonen i vekene som kjem.
Det gjer at laget går inn i dei kommande kampane med ei kjensle av å vere både robuste og godt førebudde – medan dei ventar på at spelarane på sidelinja skal kome tilbake.
Fyrst ut: Debuten til Marie Munthe
Allereie søndag kl. 16.30 får publikum sjå Marie Munthe i marineblå drakt for første gong når Volda tek imot Glassverket. Kampen markerer ikkje berre ein spennande debut, men òg starten på ein periode der Volda skal vise at motgang kan smiast om til styrke.


