No ser vi fram mot Kronekampen 13. desember

Volda Handball inviterer til gratis kamp i Volda campus Sparebank1 arena.

Laurdag 13. desember kl. 18.00 inviterer Volda Handball til årets store kronekamp i Volda campus Sparebank1 arena – ein kamp der alle får gratis inngang, og der publikum spelar ei nøkkelrolle i å styrke klubben økonomisk.

Kronekampen er basert på eit enkelt og effektivt konsept:
Samarbeidspartnarar og privatpersonar bidreg med ein valfri sum per tilskodar som møter opp.
Jo fleire som er til stades, jo større blir bidraget som går direkte til klubben sitt arbeid for utvikling av spelarar, arrangement og aktivitet i regionen.

– Kronekampen handlar om meir enn berre handball. Det handlar om å samle heile lokalsamfunnet, skape engasjement og gi noko tilbake til publikum. Dette er ein arena for stoltheit, fellesskap og sportslege opplevingar i ein fullsatt hall, seier dagleg leiar Linda Engjaberg.

Kronekamp – slik fungerer det

Bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar kan melde seg på som bidragsytarar og velje kor mykje dei ønskjer å gi per tilskodar.

Eksempel på modell:

  • Gir ein samarbeidspartnar 5 kroner per tilskodar, og 1 000 møter opp, blir bidraget 5 000 kroner.
  • Gir ein privatperson 1 krone per tilskodar, blir bidraget 1 000 kroner ved same publikumstal.

Ordninga gir eit sterkt insentiv til å fylle tribunen – og samlar både næringsliv og publikum rundt ein felles ambisjon: Å løfte handballen i Volda.

Går for publikumsrekord

Klubben har sett seg eit offensivt mål om å nå minst 150 kroner per tilskodar, men håpar på eit endå høgare resultat. Med ei fullsatt Volda Campus kan kronekampen bli eit av dei mest innbringande og samlande arrangementa klubben har hatt.

– Vi ønskjer å skape den største folkefesten denne sesongen. Når tribuna er full, løfter vi både laget og klubben som heilskap. Publikum er ein avgjerande del av dette, seier Volda Handball.

Gratisbilletter til alle

Alle som vil sjå kampen, kan hente ut gratisbillett via appen «Volda Handball» eller via linken under på sida.


Kronekampen 13. desember er meir enn ein handballkamp – det er eit samarbeid mellom klubb, lokalsamfunn og næringsliv. Volda Handball håpar publikum møter mannsterke opp og bidreg til å skape ei uforgløymeleg ramme rundt oppgjeret.