To sterke periodar berga poenga for Volda

Volda kan takka to sterke periodar for ein viktig siger, i ein kamp som elles bar preg av ujamne prestasjonar. Opninga blei svært solid, og etter 12 minutt stod det heile 9–3 til bortelaget. Den andre avgjerande fasen kom i midten av andre omgang, då Volda på fem effektive minutt gjekk frå 21–20 til 27–21 og skaffa seg ei luke som blei viktig mot slutten.

Utanom desse om lag 20 minutta var det likevel mykje som skurra. Som trenar Reidar uttrykte det – det blei levert dårlege prestasjonar på «feil side av Mjøsa». Om årsaka er undervurdering av ein motstandar Volda normalt slår 9 av 10 gongar, eller om andre faktorar spelar inn, er noko laget no må ta raskt tak i.

Forventningane er tydelege før Kronekampen komande laurdag: Volda må levera på eit høgare nivå – og over lengre tid i kampane framover.

Det var samstundes noen lyspunkt å ta med seg. I skadefråværet til Mie stod fleire fram og tok ansvar. Heile fire spelarar noterte seg for fem mål eller meir. Mia blei toppscorar med full utteljing – 6 mål på 6 skot – og viste for alvor fram kvalitetane sine i landslagsfråværet til Dana. Ine blei kåra til Volda sin beste spelar med fem mål og heile sju målgivande pasningar. Dessutan scora Hannele seks mål og Marie fem.

Også eit resultatet i Oslo kom Volda til gode, då Storhamar sensasjonelt slo Aker med eitt mål. Det gjer at Volda no berre er tre poeng unna tabelltoppen igjen (om vi vinn hengekampen vår), etter ei periode prega av heisfart mellom første- og femteplass.

No ventar ein ekstremt viktig periode – og Volda har framleis alt i eigne hender. Det viktigste er at lokalbefolkninga møter opp til GRATISKAMP når vi arrangerer Kronekamp mot Pors førstkommande lørdag.