Årets førjulsgåve: Kronekampen!

Laurdag 13. desember inviterer Volda til Kronekampen. Det betyr at publikum får gratis inngang, mens Volda sine sponsorar betalar eit visst kronebeløp per tilskodar. Dess fleire som kjem på kampen, dess meir inntekter blir det til støtte for klubben sitt treningstilbod for barn og unge.

– Vi er svært takksame for alle sponsorane som på denne måten stiller opp for klubben, fortel sponsoransvarleg Espen Stray Helle. – Vi har fått tydelege signal om at det er stor interesse for denne kampen, og ser fram til at det blir mange på tribunene, seier Helle som også lover underhaldning og konkurransar i pausen.

Voldatrenar Reidar Møistad ser fram til laurdagens kamp mot Pors som per dags dato er botnlaget i 1. divisjon.

– Vi har jobba knallhardt på trening i dag, og har fått god matching mot herrelaget til Ørsta som vi er svært godt fornøgd med. Vi har igjen to treningar denne veka før vi skal vere klare for kampen på laurdag. Det håpar eg verkeleg at alle i Volda også er, og at dei kjem i hallen og støttar opp om Kronekampen, fortel Reidar som legg til at det også vil bli avslørt ein stor nyhet på laurdag.

– I tillegg til at det blir ein god og spennande handballkamp så har vi ei veldig viktig og stor signering på gang som også blir offentleggjort på laurdag, avsluttar Reidar.

Hent gratisbilletten din i appen «Volda Handball» eller på voldahandball.no.

Dette blir ein folkefest. Velkomen på kamp!