Rampenissen lurte Volda

– og delte ut «parkeringsbøter»

Fekk du litt ekstra puls i dag?

Då er du kanskje ein av dei som fekk eit gult ark på frontruta – som såg mistenkeleg likt ei parkeringsbot ved første augekast. Nokre hundrelappar som fauk rett ut vindauget? Nei då. Denne gongen var det vi i Volda Handball – med god hjelp frå rampenissen – som stod bak sprella.

I førjulstida har rampenissen flytta inn både i heimar, barnehagar og skular. Og no har han altså også funne vegen til VCA – med ein liten dose kreativ marknadsføring. Fleire eigarar av bilar rundt om Volda Campus Sparebank1 Arena fekk seg eit «lite støkk» når dei oppdaga arket på frontruta. Men etter eit ekstra blikk viste det seg at det slett ikkje var snakk om bot – berre ei hyggeleg oppmoding om å ta turen på kamp og støtte Volda-jentene.

Gunnar Strøm var ein av dei som kom til «parkeringsbota» i vindauget. Han tok det heile med eit stort smil og rosa klubben for kreativ marknadsføring: – Heilt genialt, var kommentaren.

– Vi håpar sjølvsagt at ingen blei skremde for alvor, men kanskje nokre fekk litt ekstra puls, seier daglig leiar Linda Engjaberg. – Og når ein først har fått opp pulsen, ja, då passar det jo fint å halde adrenalinet oppe på kamp i VCA til helga!

Målet med stuntet var å skape litt humor, glede og merksemd rundt kampane – utan at nokon skulle føle seg lurt på ordentleg. Men ei som vart lurt var vår eigen Ine (sjå video):

– Vi er heilt avhengige av lokalsamfunnet rundt oss. Difor prøver vi å finne på ting som både får folk til å smile – og som minner dei på at det faktisk skjer mykje kjekt i hallen.

Så neste gong du ser noko gult på ruta: pust med magen – og sjå ein gong til før du blir stressa. Det kan hende rampenissen er på ferde igjen 😉

Velkomen på kamp – vi lovar topp stemning, puls, smil og ekte Volda-energi når vi tek i mot Aker Topphåndball førstkomande søndag 4. januar klokka 17:30! 💚