
Aud Ingrid Silseth tilbake i Volda
– Ein spesiell kamp å vende heim til
Når Volda Handball og Aker Topphåndball brakar saman i det som kan bli ein nøkkelkamp i opprykkskampen, er det spesielt éin spelar som får ekstra merksemd: Aud Ingrid Silseth. Før denne sesongen tok ho steget frå Volda til nettopp Aker – no kjem ho tilbake til gamleklubben som ein viktig brikke hjå opprykksrivalen.
Silseth fekk raskt tillit i Aker og har etablert seg som førsteval i laget. Samstundes har Aker melde seg på for fullt i toppen av tabellen, der dei saman med Flint Tønsberg og Volda knivar om den etterlengta direkteplassen til REMA 1000-ligaen.
– Eg ser verkeleg fram til å kome tilbake til Volda, og eg trur det ligg an til å bli ein både jamn og spennande kamp, seier Aud.

For Volda blir dette ein kamp med både sportsleg og emosjonell dimensjon. Mange av spelarane kjenner Silseth godt, og publikum i Volda Campus Sparebank 1 Arena har sett henne utvikle seg gjennom fleire sesongar. No kjem ho tilbake – denne gongen som motstandar. Men også Aud kjenner på noke emosjonelt.
– Eg har naturleg nok sakna Volda og alle dei flotte menneska eg blei kjent med der, seier ho.

Opprykkskampen er tettare enn nokon gong, og kvart poeng kan bli avgjerande. Duellen mellom Aker, Flint og Volda blir følgt tett i handball-Noreg, og kampen der Silseth vender tilbake til Sunnmøre kan bli eitt av sesongens høgdepunkt.
– Eg trivs svært godt i Oslo og i Aker, der eg har fått ein fin plass i ei solid og profesjonell spelargruppe kan Aud fortelje.

For Silseth handlar det om å levere for laget sitt – på ein arena ho kjenner betre enn dei fleste. Men vi lovar det ikkje skal bli enkelt for verken Aud og Aker.
– Vi skal selje oss dyrt, og med opp mot 1000 tilskodarar i ryggen skal Volda-jentene gå All in i jakta på to poeng, lovar trenar Reidar Møistad. Lag frå heile Sunnmøre og Nordfjord har meldt sin ankomst, og vi trur Volda Campus Sparebank 1 Arena vil løfte taket i takt med prestasjonane på bana i morgon, søndag 4. januar klokka 17:30.


