Trenaren har ordet

Volda spelte langt under pari og tapte stort mot Aker sist helg. På søndag kjem Kjelsås på besøk, eit lag som Volda slo med klare siffer i serieopninga.

– Vi har jobba i godt dagane etter det forsmedelege tapet mot Aker, men du verken vinn eller tapar meir enn to poeng i kvar einaste kamp. Vi har spelt 12 kampar, vunne åtte, ein uavgjort og tapt tre. Med ein kamp mindre spelt enn dei andre laga så har vi i realiteten berre to poeng opp til ein 2. plass i serien, så eg ser ingen grunn til å svartmale situasjonen for Volda, fortel Voldatrenar Reidar Møistad.

– Vi hadde eit veldig godt møte på mandag der både jentene og trenarane var sjølvkritiske til den prestasjonen vi hadde gjort mot Aker, og der vi staka ut ein ny kurs for måten vi skal framstå og spele på fram mot kampen mot Kjelsås. Det er i motgang du viser kva du er bygd av og kva slags karakter som ligg i deg både som trenar og spelar. Vi får sjå på søndag kva slags svar vi får på det, seier Reidar som ser fram til å få laget på vinnarsporet igjen.

– Det eg kan seie er at vi då meir enn nokon gong treng dei som vi skuffa sist søndag, og som hadde betalt for å sjå ein god handballkamp og fekk sjå eit godt lag og eit ikkje fullt så godt lag. Vi ber pent om å få ein sjanse til og håper det kjem mykje folk i hallen også på søndag, og at vi då skal framstå på ein langt betre måte.

Kampstart Volda – Kjelsås søndag 11. januar kl. 17.00

Billettar kan kjøpast under i link, i app eller ved inngang

https://voldahandball.woow.no/home