
Handball er vakkert – og brutalt
Volda har, som i fleire av dei siste kampane, framstått som ein kald dieselmotor som treng litt tid for å kome opp i rett temperatur. Men når maskineriet først er i gang, går det meste på skinner. Dagens oppgjer var inkje unntak.
Etter seks minutt spel stod det 2–6 på måltavla, men ti minutt seinare hadde Volda snudd kampen til leiing 8–7. Heimelaget løfta seg kraftig, publikum var i ekstase, og tre av scoringane i denne perioden var av nysigneringa Julie Ellingsen.
Levanger valde å ta time-out for å justere spelet sitt, og lukkast med det. Dei siste 15 minutta av omgangen vart jamne, der laga følgde kvarandre mål for mål. Det var likevel bortelaget som avslutta best, med tre scoringar på rad, og kunne gå til pause med leiing 15–14.
Om Volda var ein treg dieselmotor i første omgang, var dei rake motsetninga etter kvilen. Dei fem første minutta av andre omgang vart ein kraftdemonstrasjon, der heimelaget skaut ut som ein rakettmotor og raskt tok leiinga 20–17. Julie Ellingsen heldt fram i same spor som før pause og banka inn mål på mål, medan Levanger sleit med å få tak på heimelaget i denne fasen.
Etter kvart dabba tempoet noko av, og Levanger fekk igjen feste i kampen. Nok ein gong vart det ein jamn duell, der laga følgde kvarandre tett. Med 12 minutt att å spele stod det 25–25, og alt låg til rette for ein dramatisk avslutning.
Andre omgang vart eit prakteksempel på kvifor handball er ein fantastisk live-idrett. Det var ikkje alltid vakkert, men intensiteten, spenninga og dramatikken heldt publikum i eit jerngrep i 30 minutt. Først ved kampslutt var det mogleg å trekkje pusten igjen.
Diverre for heimelaget var det Levanger som drog det lengste strået og sikra sigeren med knappast mogleg margin, 32–31.
Julie Ellingsen vart kampens toppscorar med sju mål og leverte ei prestasjon som gav henne prisen som banens beste.
Neste heimekamp er allereie førstkomande laurdag mot nyopprykkede Stavanger IF. Kampen går i Volda Campus Sparebank 1 Arena klokka 18:00, og vi lovar høg fart og harde taklingar!


