
Trenaren har ordet
Volda står framfor ein tøff bortekamp når laget denne helga skal til Tønsberg og møte serieleiar Flint.
Volda er det einaste laget som har teke poeng mot Flint denne sesongen, då dei tidleg i haust vann 41- 31 på heimebane. Mie Blegen Stensrud scora den gong 24 (!) mål, men ho er ute med skade og uaktuell for kampen på laurdag. Kampen mot Flint er den fyrste av ei rekkje viktige kampar for Volda, som seinare i månaden også skal møte opprykkrivalane Utleira og Åsane.
– Det blir derfor ein svært viktig kamp for oss i Tønsberg, for med to poeng så er vi godt med i opprykkstriden, seier Voldatrenar Reidar Møistad og held fram:
– Flint har så langt full pott i alle kampar bortsett frå mot oss, men det blir nok ein heilt annan kamp no i helga. Vi forbereder oss og trener godt denne veka her. Vi har alle friske, men må sjå litt an kor mange vi reiser nedover med. Sjølv om ting kan tyde på at Flint kanskje har ein formmessig liten dipp, så blir dette tøft. Vi kjem uansett til å slåss med nebb og klør for å karre med oss to poeng frå Tønsberg.
Kampstart Flint Tønsberg – Volda laurdag 7. februar kl. 16.00 i Rema 1000 arena.
På søndag skal vårt lag i 2. divisjon spele heime mot Storhamar 2:
Kampstart Volda 2 – Storhamar 2 søndag 8. februar kl. 14.00 i Volda campus Sparebank1 arena.


