
Berre nesten – men mykje positivt å ta med seg
Det verka endeleg som tenninga var på plass frå start då Volda-jentene tok turen til Tønsberg for å møte serieleiar Flint i ein vanskeleg bortekamp.
Opninga var oppløftande. Etter ti minutt hadde sunnmøringane sikra seg ei knapp 7–6-leiing, og det var eit Volda-lag som verkeleg viste vilje til å kjempe seg tilbake i toppstriden. Laga følgde kvarandre tett fram til 11–11 rundt 20 minutt ut i omgangen. Då skrudde heimelaget opp forsvarsspelet, fekk nokre raske scoringar og bygde seg ei tremålsleiing som Volda ikkje klarte å tette før pause. Etter 30 minutt stod det 18–15 til Flint.
Andre omgang vart eit klassisk døme på kva som skjer når Volda må jage kampen. Trass i at bortelaget opna omgangen med scoring, tok Flint raskt kontroll og auka til fire mål. Denne luka klarte dei å halde store delar av omgangen, medan Volda ikkje heilt fekk med seg den nødvendige kvaliteten i arbeidet.
Med ti minutt igjen valde Volda å gå over i 7 mot 6-spel – ein taktikk som gav umiddelbar utteljing. På kort tid var avstanden redusert til berre to mål. Så kom ei utvising som gav Flint høve til å roe spelet, bygge lange angrep og dra ned tempoet. Flint vann denne perioden med eitt mål, og med sju minutt igjen måtte Volda hente tre mål for uavgjort – fire for siger.
Avslutninga vart nervepirrande. Med eit fantastisk offensivt forsvar pressa Volda Flint til fleire dårlege avgjerder, og to minutt før full tid stod det 29–29. Dessverre gjekk marginane imot sunnmøringane i sluttminutta – både gjennom eigne vurderingar og dommaravgjerder – og Flint fekk to raske scoringar. Volda gav likevel ikkje opp, og heilt på tampen fekk dei sjansen til uavgjort på ei ankomst. Skotet vart redda, og begge poenga blei igjen i Tønsberg.
Dermed tapar Volda ein avgjerande kamp i jakta på direkte opprykk. No er det klart, sjølv for den mest optimistiske sunnmøringen, at opprykket må gå via kvalifisering. Voldas toppscorar med sju mål, Hannele, vart òg kåra til lagets beste spelar.
No ventar to strake heimekampar. Den første er mot Utleira – eitt av laga Volda helst må ha bak seg i kampen om kvalikplass (topp tre). Trønderane vann motsett oppgjer, men på heimebane skal dei måtte selje seg dyrt for poenga.
Vi mobiliserer og siktar mot opp mot 1000 på tribunene. No treng vi at alle kjenner si besøkelsestid og investerer i kampen om eliteserien. 💙🤍


