Trenaren har ordet

Denne helga blir det trønder-besøk for Volda sine lag i 1. og  2. divisjon.

Laurdag kveld skal Volda 2 kjempe om to poeng mot Strindheim, mens i 1. divisjon søndag skal Volda forsøke å revansjere to-målstapet frå i haust mot Utleira. Tabellen viser at Volda ligg fire poeng bak Utleira og Aker som idag har dei to kvalikplassane for opprykk.

– No er det litt  «make or breake» når det gjeld topp tre plasseringa, så vi veit kva som ligg i potten i denne kampen, sier Voldatrenar Reidar Møistad.

– Det var stor spelemessig framgang i førre kamp, så vi prøver å forsterke det denne veka. Jentene har vore veldig positive, så trass i eit surt eittmålstap så var det god stemning i laget med tanke på dei prestasjonane som vi gjorde mot Flint, fortel Reidar.

– Det er berre to poeng som gjeld for oss no. Det er ikkje sikkert det blir så vakkert, men det kjem til å bli ein fight mot eit tøft lag. Mia Hermansson Høgdahl har gjort ein kjempejobb som trenar for Utleira som framstår på ein heilt ny måte i år, så vi må vere svært godt forberedt for å ta to poeng. Vi gler oss til søndag, og håper det blir mykje folk i hallen for no treng vi verkeleg all den støtta vi kan få.

Kampstart Volda – Utleira søndag 15. februar kl. 15.00 i Volda campus Sparebank1 arena

Kampstart Volda 2 – Strindheim laurdag 14. februar kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena

Billettar kan kjøpast under i link, i app eller ved inngang

https://voldahandball.woow.no/#!/home