
Det vart nesten mot Utleira
Kun teoretiske sjansar for opprykk
Volda gjekk ut i eit forrykande tempo, og i ein målfattig start på kampen tok heimelaget leiinga 5–3 etter ti minutt. Det var høg intensitet og tøft forsvarsspel frå begge lag, og måla sat langt inne i opninga.
Trønderane frå Utleira jobba seg likevel gradvis inn i kampen. Midtvegs i omgangen var bortelaget på det meste tre mål framfor, 8–11. Men Volda nekta å sleppe taket. Med god støtte frå tribunen kjempa dei seg tilbake, og til pause var stillinga 14–15 – berre eitt mål bak.
Fyrverkeri etter pause
Andre omgang starta slik den fyrste byrja – med full tenning frå Volda. Heimelaget small ut av startblokkene, utlikna raskt og gjekk deretter opp i 18–16. Etter berre fire minutt såg Utleira seg nøydde til å leggja det grøne kortet på bordet.
Sjølv om Volda heldt fram med å skape store sjansar, fekk bortelaget etter kvart betre kontroll på eige spel. Laga følgde kvarandre tett i ein periode med få scoringar. Med tolv minutt att gjekk Utleira opp i 24–25.
Då var det Volda-trenar Reidar som bad om time-out. Men denne gongen var det gjestene som nytta minuttet best og sette dei to neste måla.
Drama i sluttminutta
Så kom situasjonen som fekk heile hallen på beina. På femte pasning i passivt spel dømde dommarane straffekast til Utleira. Eit strålande forsvarsspel enda brutalt – med mål imot. Tre mål bak og berre fem minutt att å spela.
Men Volda gav seg ikkje. Heimelaget kjempa seg tilbake og var oppe i ryggen på bortelaget, berre eitt mål bak. Spenninga var til å ta og føla på.
Det vart likevel berre nesten. I jakta på raske scoringar måtte Volda ta større sjansar enn vanleg, og då fann Utleira flyten. Bortelaget drog ifrå i sluttminutta og vann til slutt 32–27.
For Volda vart Zoe og Aurora toppscorarar med fem mål kvar. Aurora vart i tillegg kåra til BB.
Neste kamp er allereie neste søndag klokka 16.00 mot eit nytt trønderlag, Trondheim Topphåndball.
Vel møtt i hallen! 💙


