Trenaren har ordet

Volda skal til Bergen og møte opprykksrival Åsane på laurdag. Sist gong laga møttest endte kamp uavgjort 23 – 23.

Sidan den gong har Åsane klatra på tabellen og ligg no på fjerdeplass, fire poeng føre Volda. I sitt siste oppgjer vann Åsane over serieleiar Flint, og Voldatrenar Reidar Møistad understrekar derfor at dette blir ein ny tøff kamp:

– Åsane har overraska positivt i år, og har utvikla laget sitt endå meir sidan fjoråret. Dei er godt samspelt etter å ha hatt stort sett med det same laget i tre år. Det er eit lag med gode trenarar, og er ein ordentleg fightergjeng som også gav oss kamp til heilt døra då vi møtte dei i haust.

– Vi må nok opp på det aller beste nivået av det vi viste i førre kamp for at vi skal klare å hamle opp med Åsane. To poeng er den einaste målsettinga vi har, og no gjeld det å finne den «geisten» som skal til for å vinne kampen. Så lenge det er teoretisk muleg å sikre seg kvalikplass så kjem vi til å gje alt. Vi gler oss til kampen i Bergen, og skal kjempe for å ta med oss to poeng heim.

Kampstart Åsane – Volda laurdag 28. februar kl. 17.00 i Åsane arena.

Same dag skal også vårt lag i 2. divisjon i aksjon:

Kampstart Volda 2 – Toten laurdag 28. februar kl. 17.00 i Volda campus Sparebank1 arena