Seier men med et skår i gleden

Glassverket – Volda 23–33 (12–17)

Volda tok med seg to poeng heim frå Drammen etter ein solid bortesiger mot Glassverket. Kampen fekk likevel ein dramatisk bismak då Dana måtte forlate bana med skade i andre omgang.

Sunnmøringane fekk ein pangstart på kampen. Heile sju av dei første måla til Volda kom innanfor dei ni første minutta. Likevel var det ikkje berre talet på mål som var spesielt – men når dei kom. For av dei 17 måla Volda skåra før pause, kom tolv av dei i løpet av litt over ti minutt. Dei sju første på ni minutt, og dei fem siste på berre tre og eit halvt minutt. Mellom desse to periodane var det langt rolegare, og nettet vart truffet berre fem gonger.

Heimelaget frå Drammen hadde ei jamnare målfordeling gjennom omgangen, og det gjorde at kampen lenge heldt seg jamn. Fleire gonger var det berre eitt mål som skilde laga, heilt fram til Volda fekk den gode perioden sin mot slutten av første omgang og skaffa seg eit lite forsprang inn til pause, 12-17.

Volda reiste til bortekampen med ein redusert tropp. Sjukdom, skadar og kamp for 2. divisjonslaget i Trondheim gjorde at berre elleve spelarar stod på kamprapporten. Det kan vere noko av forklaringa på at trenar Reidar valde å rullere meir på mannskapet, noko som gjorde at flyten ikkje alltid var like god som i dei siste kampane.

Starten på andre omgang var derimot lovande for gjestene. Volda skåra raskt dei tre første måla etter pause, og Glassverket-trenar Thomas Ree gjekk rastlaus langs sidelinja med timeout-kortet i handa etter berre fem minutt.

Så kom situasjonen som overskugga heile kampen. I eit returløp for å forsvare eit ope mål kolliderte Dana og Natasja. Dana vart liggande att på parketten i store smerter. Det er for tidleg å seie noko sikkert om skadeomfanget, men det kan sjå ut som det er ankelen eller akillesen i venstrefoten som har fått ein kraftig smell. Det blei ut på båre, og vi skal sjølvsagt oppdatere dykk når vi veit meir.

Spørsmålet var om hendinga skulle påverke ein allereie tynn tropp. Svaret kom raskt. Volda-jentene bretta opp ermene og tok ansvar. Dei heldt trykket oppe og pressa heimelaget til å ta både sin andre og tredje timeout i løpet av berre fem minutt – før det var spelt femten minutt av omgangen.

Resten av kampen vart i praksis ein transportetappe mot ein fortent bortesiger. Glassverket skåra elleve mål i andre omgang, medan Volda heldt trykket oppe og sette seksten. Dermed enda oppgjeret 33–23 til sunnmøringane.

Med to nye poeng i bagasjen set Volda kursen heim mot Sunnmøre – og med eit lite håp tent om kvalifiseringsspel.

Dagens beste Volda-spelar vart Natasja, som leverte ein solid kamp mellom stengene med ein redningsprosent på 41. Aurora vart toppscorar for Volda med seks mål.