
Trenaren har ordet
Volda skal i ny bortekamp, og denne helga går turen til Levanger. Trønderane ligg eitt poeng bak Volda.
Då laga møttes i januar vann Levanger med eitt mål, og trenar Reidar Møistad lover at Volda skal gjere sitt ytterste for å revansjere tapet.
– Det er ein tøff bortekamp som vi har i vente. Vi reiser opp på fredag og føler at vi er godt forberedt. Vi veit kva Levanger kjem med, og så skal vi forsetje å jobbe med dei tinga vi har gjort dei siste kampane kor det har sett veldig bra ut.
– Skadesituasjonen er under kontroll. Vi mister dessverre Dana, men vi må prøve å klare oss så godt vi kan utan henne. Det er sjølvsagt tøft å miste kapteinen sin i innspurten når det står så mykje på spel, men Dana bidreg på sin måte og er veldig positiv, samtidig som ho er konstruktiv på korleis ho jobbar seg gjennom skadesituasjonen.
– Det er alltid hyggeleg å kome til Levanger, og vi gler oss til kampen og så skal vi hente to poeng heim til Volda på laurdag.
Kampstart Levanger – Volda er laurdag 21. mars kl. 15.00 i Trønderhallen.


