
Trenaren har ordet
Palmesøndag er det endeleg heimekamp igjen når Volda tar imot Gjøvik.
Laget frå Toten har hatt ein tung sesong, og ligg utsatt til på 10. plass med 13 poeng. Då laga møttes i haust vann Volda 33 – 30, og Volda-trenar Reidar Møistad satsar på to nye poeng også denne gongen.
– Vi kjem frå eit surt tap mot Levanger og skal forsøke å revansjere oss mot Gjøvik, eit lag som er i stigande form. Dei har henta inn ei svært god forsterkning frå Larvik, og slo serieleiar Flint i siste runde. Det viser også kor uforutseieleg årets 1. divisjon er når Gjøvik som ligg langt nede på tabellen klarer å slå serieleiaren med relativt klar margin.
– Vi får ein tøff kamp, og gler oss til å spele på heimebane igjen og håper det blir mange på tribunene. Vi er skadefri og ser fram til kampen, og så får vi sjå om vi kjem opp på det nivået vi ønsker.


