
Storseier mot Pors!
(Pors – Volda, 18 – 46) Volda Handball fekk denne runden ein uvanleg kort reiseveg samanlikna med det dei er vane med. Denne gongen tok jentene fly tidlegare på dagen, før dei vart møtte av buss på Gardermoen. Med seg hadde sunnmøringane ein noko redusert tropp, og stilte med berre ti spelarar.
Trass i få spelarar let ikkje Volda seg påverke, og gjekk rett i strupen på botnlaget Pors frå start. Med høgt tempo og aggressivt spel sprang bortelaget frå heimelaget dei første minutta. Allereie etter fem minutt viste tavla 1–5 til Volda.
Deretter roa kampen seg noko, og det vart ein periode prega av høg fart, men òg mange tekniske feil og få scoringar. Dei neste ti minutta vart det berre to mål til kvart av laga, og etter 15 minutt stod det 3–7.
Frå dette tidspunktet og ut omgangen var det derimot berre eitt lag på bana. Volda tok full kontroll, heldt oppe tempoet og auka leiinga jamt og trutt. Då laga gjekk til pause, stod det imponerande 6–20 til sunnmøringane.
Dermed var i realiteten kampen avgjort, og dei siste 30 minutta utvikla seg til ein transportetappe. Med full rullering fekk alle utespelarane bidra offensivt, og samtlige teikna seg på scoringslista. Mia vart toppscorar med heile tolv mål, og vart fortent kåra til banens beste spelar.
No ventar Bækkelaget førstkomande søndag i det som er sesongens siste heimekamp. Kampen må vinnast for å halde liv i målet om kvalifisering til Rema 1000-ligaen. Samstundes blir det ei spesiell ramme rundt oppgjeret, då Helga, Hannele og Mathilde skal takkast av før dei byter klubb etter sesongen. Publikum blir oppmoda til å møte opp og støtte jentene i jakta på sesongens store mål – klokka 17:00 i Volda Campus Sparebank 1 Arena.


