
Trenaren har ordet
Søndag har Volda sin siste heimekamp for sesongen når Bækkelaget kjem på besøk.
Dette blir også ein spesiell kamp for fleire av spelarane som forlet klubben etter sesongen, og Voldatrenar Reidar Møistad håper mange kjem i hallen for å ta ein verdig avskjed med dei.
– Vi møter Bækkelaget som for tida er i god flyt. I kampen på onsdag plaga dei serieleiar Flint, og hadde uavgjort heilt fram til 59.57, før Flint scora på straffe i siste sekund. Vi sleit sjøl mot Bækkelaget i Oslo, spesielt i fyrste omgong, så vi skal vere godt forberedt. Vi har jobba godt på trening dei siste tre vekene, og jentene er veldig motivert for å gje alt for å sloss om tredjeplassen. Det som då gjeld er fire poeng i dei to siste kampane.
– Aller viktigast for publikum er å kome og ta farvel med dei som no gjev seg i Volda. To av dei kan vel kallast Volda-legender, Helga Lersveen stoppar etter i sju sesongar i Volda, og Dana Gudmundsdottir etter fire sesongar. Dana har vore publikumsfavoritt nærmast frå dag ein, og har blitt ein etablert landslagsspelar for Island i perioden ho har vore her. Eg håper at mange kjem for å hylle desse to pluss Hanele Nilsson, som har vore ein veldig sentral spelar for oss i alle sesongane eg har vore her. Mathilde Bengtson reiser heim til Danmark etter to sesongar der ho har satt preg på laget, og i tillegg seier Emma Klauset Eikrem og Thea Slenes takk for seg.
– Eg synes alle desse har gjort ein kjempejobb i den perioden eg har vore i Volda, så eg ønsker verkeleg at publikum kjem og gjev desse hyllest og ein verdig avskjed med Volda. Eg håpar på mange folk hallen, og vi lover å gje alt for å skape ein fartsfylt kamp og sikre to poeng.


