
Trenaren har ordet
Klart for sesongavslutning mot Aker i Oslo
Reidar Møistad sine tankar før siste seriekamp for sesongen:
Førstkomande søndag kl. 16:00 reiser laget til Oslo for å møte Aker Topphåndball.
Motstanden blir tøff. Aker har gjennom sesongen vist seg som eit av dei best-spelande laga i 1. divisjon, og på sitt beste framstår dei kanskje som det sterkaste laget i serien.
Likevel er det eit godt førebudd lag som tek turen til hovudstaden. Treningsveka har vore god, og spelarane melder om både friskheit og overskot inn mot oppgjeret.
For Aker står mykje på spel, medan bortelaget i større grad spelar for æra – og ikkje minst for revansje. I det første møtet mellom laga tidlegare i sesongen blei det eit klart tap, i det som står att som den einaste kampen der laget aldri var i posisjon til å kjempe om sigeren.
Difor er revansjelysta stor før søndagens oppgjer.
Med godt humør og ein tydeleg fighting spirit er ambisjonen klar: reise til Oslo, levere ein solid prestasjon – og avslutte sesongen med to poeng.


