Kreftane held ikkje heile vegen

Jamn batalje i Oslo i 50 minutt – Julie best for Volda

Det vart ein tett og intens kamp då Volda gjesta Aker i Ullern Flerbrukshall søndag ettermiddag. Begge lag viste frå start at dette kom til å bli ein fysisk duell, med høgt tempo og mange duellar i begge endar av bana.

Aker opna kampen best og fekk eit lite initiativ i innleiinga, men Volda svarte raskt. Med betre flyt i angrepsspelet og eit meir aggressivt forsvar jobba sunnmøringane seg inn att i oppgjeret. Laget låg på det meste tre mål foran (6-9) i første omgang, der det bølga fram og tilbake utan at nokon av laga klarte å rykke skikkeleg frå. Til pause hadde Oslo-laget føringen med minst mogleg margin, 16-15.

Etter pause heldt den jamne kampen fram. Aker prøvde å dra ifrå, men Volda nekta å sleppe taket. Med disiplinert forsvarsspel og gode enkeltprestasjonar heldt bortelaget seg inne i kampen til det gjenstod 12 minutt. Då var tanken tom, og Aker går frå å liggje under 25-27 til å leie 31-27. Det vart med forsøket – men eit skikkeleg godt eit i nesten 50 minuttar av kampen. Det endar til slutt 33-28 til Aker som får spele kvalik til eliteserie.

For Volda var det fleire som peika seg ut, men særleg Julie leverte ein strålande kamp og vart fortent kåra til banens beste. Ho stod fram i avgjerande situasjonar og var ein sentral bidragsytar både offensivt og defensivt. Av mange gode kampar denne sesongen så var dette tydeleg den beste for hennar del – og eit lyspunkt inn mot neste sesong med Mie tilbake på motsatt back.

Dette var ein kamp prega av høg intensitet, sterke duellar og god underhaldning for publikum – ein kamp der Volda viste karakter og vilje, og der små marginar avgjorde utfallet. Volda endar på 5. plass i årets serie, og rustar seg no mot eit nytt forsøk på å nå eliten neste sesong.

Følg med på sosiale medier for meir Volda innhald framover.