
Optimisme før seriestart
Søndag startar Volda serien med heimekamp mot Storhamar Bredde. Voldatrenarane Mathias Nævestad og Reidar Møistad meiner laget er godt forberedt før kampen om poeng startar.
– Vi starta oppkøyringa 13. juli og har hatt treningskampar der vi mellom anna har møtt Molde Elite og Skövde (Sverige) som representerer toppen av skandinavisk handball, fortel Reidar.
– Vi har også møtt eliteserielaget Oppsal i samband med ein treningsleir. Det har vore nyttig erfaring å legge lista såpass høgt og spele mot så gode lag med tanke på sesongen som ligg føre oss. Seinare slo vi Fyllingen klart, og i den kampen fekk vi vist nivået vårt mot eit 1. divisjonslag.
Reidar er særleg fornøgd med delar av NM-kampen mot Utleira, sjølv om den endte med tap.
– I den kampen var vi særleg gode i forsvar. I angrep kjem vi til fleire sjansar, men gjer også ein del feil val som gjer at det blir tap.
Nye roller og nye spelarar
Denne sesongen er Mie Stensrud ny kaptein, og ho er no komen i trening igjen etter eit lengre skadeavbrekk.
– På treningane ser vi konturane av kva Mie kjem til å bety for laget framover. Ho er framstår trygg i den nye rolla som kaptein, og viser taktisk klokskap som tilfører heile laget sjølvtillit, seier Reidar. – Eg føler at vi er på ein bra plass no.
Også før denne sesongen er det fleire nye på laget, korleis går de fram for å få det til å fungere?
– Det må gjerast ein god jobb på førehand, og eg synest vi har truffe godt på dei nye vi har henta inn no. Det er viktig å få dei til å passe inn i gruppa, aldersmessig og sosialt, i tillegg til å ordne praktiske ting som leilighet og jobb. Eg synest jentene er veldig flinke til å ta imot dei nye, fortel Mathias.
Reidar peiker på at for mange kan det friste meir å velje ein klubb i Oslo eller Bergen enn i Volda.
– Det kostar meir å få dei hit enn til for eksempel ein 1 divisjonsklubb i Oslo. Både Mathias og eg har eit breitt nettverk, og vi ser særleg etter dei unge som ikkje får speletid i ein eliteserieklubb. Både Line, Ingeborg og Julie kjem hit mellom anna for å få speletid, og desse har definivt teke sin plass i gruppa. Og så seier dei at det sletts ikkje er noko dårlegare treningsmiljø i Volda enn i eliteserieklubben dei kjem frå.

MED SPONSORAR I RYGGEN: Vi er glade for at publikum og næringslivet støttar klubben, understrekar Reidar Møistad og Mathias Nævestad.
Kamp om opprykk
Dei to trenarane er samstemte i kven dei trur vil kjempe i toppen av 1. divisjon. – Levanger har eit uttalt mål om at dei vil rykke opp i år, og det same gjeld truleg Aker, seier Mathias, som også trur at Haslum blir på øvre halvdel.
– Åsane hadde ei god utvikling i fjor, med gode trenarar og godt samarbeid med Tertnes. Dei kan også bli farlege dersom den gode utviklinga held fram, seier Reidar
– Dei fleste troppene i 1. divisjon er ganske tynne, så skader på enkelte spelarar kan gjere store utslag. Det såg vi sjøl i fjor med Mie, og det gjeld dei fleste laga i 1. divisjon, seier Mathias.
– Så det blir fyrste prioritet å halde oss skadefri, supplerer Reidar. – Vi har eit godt samarbeid med fysioterapeut der vi no får eit nytt system for å kunne overvake spelarane si totale belastning når det gjeld trening og kampar. I tillegg må ein også hugse på kor mykje meir vi reiser enn andre klubbar, og det er ei kjempebelastning. Mange lange reiser med buss er ein faktor som mange ofte gløymer med tanke på tidsbruk og belastning, seier Reidar.
Storhamar fyrste hinder
Optimismen er stor før søndagens kamp mot Storhamar. – Vi kjem til å vinne klart. Storhamar har sidan i fjor mista sin dyktige trenar og fleire sentrale spelarar, og er betydeleg svekka. Dei må på eit vis starte på nytt, og eg trur dei er blant laga som kjem til å få det tøft i kampen for å overleve i divisjonen, seier Reidar.
– Viss vi på søndag kan vere like bra som vi spelt på trening så blir det ein veldig fin kamp for då kjem det til å skje mykje fint spel, avsluttar Reidar.
Kampstart Volda – Storhamer Bredde er søndag 6. september kl. 17.00
Billettar kjøpast i app, ved inngang eller her : https://voldahandball.woow.no/home


